(Fakta om 6982 området finn du her)
Askvoll kommune har eit mål om at alle bygdene skal ha ei velforeining eller eit bygdelag. Dette er ofte den einaste høyringsinstans for kommunen utanom politiske organ. Askvoll kommune stiller med eit mindre årleg tilskot til drift og sekretær
Den 8 februar 1997 tok representantar frå Holmedal Eldresenter og Holmedal Bygdehus iniativ til eit konstituerande møte og danna eit interimstyre. Styret arbeidde med å utforme vedtekter for Holmedal Velforeining. Vedtektene vart vedtekne på årsmøte den 9 mars 1998.
VEDTEKTER FOR HOLMEDAL VEL:
§ 1 FORMÅL
§ 1.1 Holmedal Vel er ei velforeining som skal arbeide for det som best gagnar bygda og folket som bur der
§ 1.2 Holmedal Vel skal avgrense sitt engasjement / virkeområde innanfor den alminnelege oppfatning av moral og etikk
§ 2 ORGANISASJON Holmedal Vel er partipolitisk og religiøst uavhengig
§ 3 STYRET
§ 3.1 Styret er samansett av: Leiar, nestleiar, 3 styremedlem og 3 vararepresentantar. Vararepresentantar møter ved forfall. Askvoll kommunestyre sin valte representant møter fast i styret med stemmerett. Sekretær/kasserar som er lønna av Askvoll kommune møter fast i styret med forslag og talerett men utan stemmerett.
§ 3.2 Styret kan nedsette / avsette dei nemnder og utval dei synest er nødvendig
§ 3.3 Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styrets medlemmer er tilstade
§ 3.4 Styremøte vert halde minst to gonger kvart år eller når eit av styrets medlemmer krev det
§ 3.5 Leiar har dobbelstemme. Eit einstemmig styre kan krevje ekstraordinært årsmøte.
§ 3.6 Leiar og kasserar har prokura
§ 3.7 Styret kaller inn til allmøte når saker krev det.
§ 4 ÅRSMØTE
§ 4.1 Årsmøtet er Holmedal Vel sitt høgaste organ
§ 4.2 Alle fastbuande personar over 14 år i Holmedal postområde (postnr. 6982) har møte, tale og stemmerett på årsmøte.
§ 4.3 Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Årsmøtet skal kunngjerast med minst 14 dagars varsel
§ 4.4 Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 15 januar
§ 4.5 Årsmøtet skal mellom anna handsame desse saker:
a) Årsmelding frå styret b) Rekneskap / budsjett c) Innkomne saker e) Endring av vedtekter f) Utarbeide og fastsetje handlingsprogram g) Særskild val av leiar, 4 styremedlem, revisor og valkomite.
§ 4.6 Ordinært årsmøte er vedtaksført når minst 10 personar jamnfør § 4.2 har møtt fram
§ 4.7 Dersom ordinært årsmøte ikkje er vedtaksført skal det innan 2 månader kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast med minst 1 månads varsel.
§ 4.8 Val på årsmøte skal leiast av formannnen i valkomiteen. Alle verv vert valde for 2 år, halvparten av verva vert valt år 1 og andre halvparten år 2
§ 5 VALKOMITE Valkomiteen er samansett av 4 personar. Årsmøte vel formann i valkomiteen.
§ 6 ENDRING AV VEDTEKTER Endring av vedtektene kan berre gjerast på ordinære årsmøte, og krev minst 2/3 fleirtal
§ 7 OPPLØYSING
§7.1 Vedtak om oppløysing av Holmedal Vel, eller overføring av heile eiga, kan berre gjerast med 2/3 fleirtal på ordinært årsmøte og i tillegg med 2/3 fleirtal på ekstraordinært årsmøte.
§ 7.2 Vedtak jamfør § 7.1 skal gjerast med eit tidsrom på minst 2 månader mellom ordinært og ekstraordinært årsmøte.
|