Holmedal bygdemuseum er lokalisert i eit murbygg i sentrum som tidlegare husa meieriet i bygda. Her ser vi eit bilete frå 1930-åra, med marinegastar som er innom meieriet for å kjøpe seg drikke.

 

 

 

Holmedal Bygdemuseum inneheld utstillingar som viser ulike trekk av bygda si historie, mellom anna industrihistoria.

I styret: Mette Byrkjeland (leiar), Sissel Losnegård Hansen, Solveig Stenseth, Randi Hatlevoll og Arvid Håland.

Museet har vanlegvis ope på jonsokafta og familiedagen i august, og elles på førespurnad. Interesserte kan ta kontakt med Roald Søreide (95 24 58 65) eller Solveig Stenseth (57 73 06 78 / 415 24 383) for omvising.