Home Page Image
 

I Holmedal er det godt å bu med trivelege folk, fjell og fjord.

Biletet over viser utsikta inn Dalsfjorden ein flott haustdag.
 

 

 

 

Holmedal Vel dekkjer heile området med 6982 som postnummer, dette inkluderar bygdene Helle/Vårdal, Holmedal og Rivedal i Askvoll kommune.

Alle bygdene ligg på nordsida av Dalsfjorden. Samla er vi vel 700 menneske i dette området. Askvoll kommune har godt 3100 innbyggarar.

Vi har: Barnehage; Montesorriskule (1-7); Aktivt teatermiljø i og utanfor ungdomslaget; Bygdekino ein gong i veka; Butikk; Helle knivfabrikk; Klausen mekaniske; Bygdemuseum; Holken pub; Holken whiskylaug; Idrettslag med mange aktivitetar; Bygdeavisa 6982; Mykje fjord og fjell og framfor alt folk med mykje godt humør og dugnadsånd.